LØRDAG 30. MAI: BROEN PÅ NATTJAZZ
Info: http://nattjazz.no/index.php?Dag=3&Konsert=156
Billetter: http://nattjazz.no/index.php?ID=1

Photo by: Sara Angelica Spilling

Broen har dei siste månadane segla opp til å bli eit av dei mest spanande nye banda i landet med ein heilt unikt sound. Nyleg ga dei ut sitt debutalbum «Yoga» på det bergenske labelet Nabovarsel, som fekk strålande omtale hos både Adresseavisen og Dagbladet. Under årets by:Larm i Oslo har Broen imponert på sine konsertar, og vart i tillegg stemt fram som «Årets Forbilder» av publikum. Musikarane i bandet har allereie vore med på å utvikle toneangivande band som Ósk, Snøskred, Your Headlights Are On, og ikkje minst den kritikarroste jazztrioen Moskus. Broen sjonglerer med ei rekke sjangrar og presenterer ein miks av hip-hop, spoken word, surf og vest-afrikansk rytmikk. På scena er Broen eit fritt og leikent ensemble, ikledd glitrande gulldrakter, sydd av skreddarbestemora til Heida.

Hør “No, My God”, hentet fra albumet “Yoga” her: